tirsdag 10. juni 2014

Dønnfoss Camping



ju huuu - så var det tid for ny tur med BoBilen ;)

Denne gangen vart det over fjellet til Dønnfoss Campingplass
Ein koselig plass, som er lett å like.

Her er det reint og fint -- og trivelege folk ;)



Ein tømmestasjon for alle typer campingtoaletter og bobiler.
Det er 2 sanitæranlegg, med do, dusjer, kjøkken og vaskerom - vaskemaskin og tørketrommel.
Resepsjon med kiosk og enkel servering og butikken ligger ca. 200 meter unna ;)

Eit stort basseng og eit barnebasseng - men det må ein betale litt ekstra for å komme inn ..
Flott leikeplass er det også der ...



Vi rakk å kose oss godt på det døgnet vi var vekke denne gangen også ;)
og mange nye tips fikk vi med på vår veg.
Stikkord : varmevatn, skuffefyll. persienne ;)


 Eg har enda ikkje laga så mykje mat i bilen enda - men det skal lærast det og ;)
Eg klarte godt å steike egg uten steikespade - men den er no kommt på plass ..

Besøk i bilen fikk vi også --  det blir lite om plass når ein er 4 vaksne, men det går greit det og.


Vegen heim att gjekk langs fine Strynefjells vegen og videre langs med Langvatnet, før vi bikka ned mot Geiranger, der vi hadde ein liten vaske stopp.
videre opp Ørnevegen og vips så var vi heime igjen...
Eg må vel innrømme at eg er SÅ glad eg har ein buss sjåfør ved min side ;)

Og jepp -- eg har faktisk prøvd å køyre bilen - ikkje så mange mila enda -- men eg  er på veg ...

                                       -- Monika -- 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar